Create
Learn
Share

Soppslekter

rename
gudnyf's version from 2017-09-02 18:11

Section

Question Answer
SkrubbarHovudsakleg større kjøttfulle soppar. De fleste med skjella stilk og overhengande hatthud. Røyrlag kvitt til gråkvitt. Mykorrhizasoppar, 13 artar i Noreg.
SteinsopparHovudsakleg større kjøttfulle soppar. Stilk med tydeleg nettstruktur. Røyrlag fritt frå stilken; oftast gult; raude røyrmunningar førekjem hjå nokre artar. Mykorrhizasoppar, 13 artar i Noreg.
FløyelsrørsopparKjøttfulle soppar med gult nedløpande røyrlag. Soppkjøtt blåner hjå nokre artar. Mykorrhizasoppar, 13 artar i Noreg.
KusopparMiddelstore kjøttfulle soppar med slimete eller klebrig hatt. Nokre artar med ring på stilken. Mykorrhizasoppar, åtte artar i Noreg.
KremlerHovudsakleg større artar, oftast med sterke hattfargar. Sporepulver kvitt - kvitgult - gult. Skjørt, ikkje lengdefibra kjøtt som kan brekkast og smuldrast. Mykorrhizasoppar, minst 130 artar i Noreg.
RiskerMest større soppar, alltid med sprøtt kjøtt som ikkje kan trevlast, men kan brekkast eller smuldrast opp, samt mjølkesaft som tyt fram frå brotstader. Saft som regel kvit (hjå enkelte artar endrar den farge straks luft kjem til), men óg vassklar og gulraud. Sporepulver kvitt til bleikgult. Mange artar er skarpe, nokre av dei kan brukast etter avkoking. Mykorrhizasoppar, ca 80 artar i Noreg.
FluesopparStørre soppar med ytre hylster som avsetter skjellkransar eller slirer ved basis samt indre hylster som avsetter ring. Kam--- har berre utvendig hylster. Skiver reint kvite, fri frå stilk, sporepulver kvitt. De fleste artar er giftige. Mykorrhizasoppar, 25 artar i Noreg.
Store parasollsopper (og rødnande parasollsoppar)Hatt og stilk er lett å skilje. Kvitt sporepulver. Skiver fri frå stilken. Medan stilken hjå Macrolepiota har små gryn eller skjell som liknar sikksakkband, manglar desse hjå Chlorophyllum. Sporene har óg forskjellig form hjå dei to slektene.
HonningsopparFruktlekama veks i knipper og grupper på lauv- og bartre. Hatt skjella; kvitt sporepulver. Samlenamn for fleire nærståande artar som det er vanskeleg å skilje frå kvarandre. Vedbuande parasittar, fem artar i Noreg.
TraktsopparOftast traktforma hattar og nedløpende skiver, sporepulver kvitt eller fargelaust. Enkelte kjøttfulle artar. Fleire giftige artar. Namnet blir brukt på fleire soppar enn dei som vert rekna til slekta Clitocybe.
Clitocybula (Tægersopp)Middelstore soppar. Sporepulver kvitt. Saprotrof på lauvved, ein art i Noreg. Typisk kjenneteikn på den eine norske: tjukke mycelstrenger ved basis.
NarrekantarellarSmå til middelstore soppar, skiver smale, nedløpande på stilken. Sporepulver kvitt. Saprotrofar på jord, tre artar i Noreg.
VintersopparSmå til middelstore soppar, knippevoksande. Sporepulver kvitt. Saprotrofar på ved, tre artar i Noreg.
ØsterssopparMiddelstore hattsoppar med stilk som sitter skeivt eller i kanten av hatten. Nokon artar og sortar vert dyrka. Saprotrofar på ved, fem artar i Noreg.
SeigsopparSmå og seige soppar som kan tørke inn og livne til igjen i fuktig vêr. Sporepulver kvitt. Veks i grasmark og på lysåpen skogsmark. Fleire artar med sterk, aromatisk lukt. Saprotrofar på strø og ved, ca 10 artar i Noreg.
LakssopparHovudsakleg tynnkjøtta artar med tynn, litt bruskaktig stilk. Oftast lyseraude til laksefarga artar. Fjernstilte lakserosa skiver. Veks i eng- og beitemark og vegkantar. Mykorrhizasoppar, 10 artar i Noreg.
EngvokssopparMjuke soppar med voksaktige, fjernstilte og tjukke skiver (tjukkast inn mot hattkjøtet). Sporepulver kvitt. Dei fleste etande. Oftast små, spinkle soppar, men óg nokon middelstore. Hatt tørr; med livlige fargar i raudt og gult. Skivefeste mot stilk varierande. Kvitt sporepulver. Fleire artar svartnar. Veks i eng- og grasmark. Saprotrofar, ca 50 artar i Noreg.
SkogvokssopparMjuke soppar med voksaktige, fjernstilte og tjukke skiver (tjukkast inn mot hattkjøtet). Sporepulver kvitt. Dei fleste etande. Middelstore soppar med slimete til klebrige hattar. Skivefeste mot stilk varierande. Kvitt sporepulver. I bar- og blandingsskog. Mykorrhizasoppar, 33 artar i Noreg.
Musserongar i vid forstandVesentleg store, kjøttfulle artar. Hatt og stilk fast forent, viss stilken spaltast på langs fylgjer hatten med. Skiver utranda eller utranda med tann. Vesentlig kvitt sporepulver, ein art med bleikt skittenrosa sporepulver.
MusserongarMellomstore til store soppar, ofte kjøttfulle. Mange artar med tydeleg radiærfibra eller skjella hatt. Tydelege utranda skiver. Sporepulver kvitt til kremkvitt. Lukt og smak viktige artskarakterer. Mykorrhizasoppar, ca 50 artar i Noreg.
StubbemusserongarMusserongliknande soppar med gult kjøtt, fiberskjella hatt. Skiver utranda/avrunda. Sporepulver kvitt. Saprotrofar på ved, tre artar i Noreg. Ingen matsoppar.
RidderhattarMusserongliknande eller traktsoppliknande soppar. Skiver utranda/nedløpande. Sporepulver bleikt skittenrosa. Saprotrofar, gjerne på nitrogenrik jord og kompost. 13 artar i Noreg.
MelsopparMiddelstore soppar med nedløpande skiver som kan fjernast sammanhengande frå hattkjøttet. Rosa sporepulver. Veks i grasmark. Saprotrofar på jord, fem artar i Noreg.
RødsporesopparStor slekt med svært ulike soppar. Lakseraudt sporepulver. Hattfarge og ung skivefarge er viktige artskarakterer. Fleire giftige artar, ingen etande. Saprotrofar på jord og strø, ca 125 artar i Noreg.
SkjermsopparHattar glatte, lodne, finskjella eller tråda. Fleire artar brune eller gråbrune. Frie skiver. Rosa sporepulver. Saprotrofar på ved og jord, 20 artar i Noreg.
SliresopparStore til middelstore soppar. Unge soppar er heilt inneslutta i eit hudaktig hylster som sprekk opp. Skiver først kvite, etter kvart lakserosa. Stilk med stor, hudaktig slire ved basis. Sporepulver raudlig. Parasittar og saprotrofar på ved, halm og andre soppar, åtte artar i Noreg.
SkjellsopparStore til middelstore soppar med skjella hatt og stilk som hovudsakleg veks i knipper på bar- og lauvved. Fleire med ring på stilken. Rustbrunt sporepulver.
BittersopparStore til middelstore soppar. Skiver først gulaktige, etter kvart brune. Knippeveksande. Sporepulver brunt. Saprotrofar på ved, ni artar i Noreg; ingen matsoppar.
KlokkehattarStor slekt med mange artar; dei fleste spinkle og tynnkjøtta. Oker- til rustbrunt sporepulver. Saprotrofar på mose, strø og ved, minst 45 artar i Noreg.
Phaeolepiota (Gullskjellsopp)Stor, kraftig og kjøttfull sopp. Unge soppar dekka av eit kraftig hylster som sprekk opp til ein krageliknande, oppståande ring. Sporepulver brunt. Saprotro, ein art i slekta.
SlørsopparStor slekt med mange artar; store, middelstore til små soppar som er dekka av eit slørhylster som blir sprengt ved soppen si modning og slørrestane kan sjåast på stilk og hatterand. Utranda skiver og rustbrunt sporepulver. Mykorrhizasoppar, minst 500 artar i Noreg.
ReddiksopparArtsrik slekt av stort sett kjøttfulle artar med klebrig hatthud og søtaktig eller skarp lukt. Ofte med gråbrune skiver med mørk egg. Brunt sporepulver. Mange giftige artar. Mykorrhizasoppar, ca 30 artar i Noreg.
TrevlesopparJordbuande små til middelsstore soppar med radiære trådar/trevler/skjell på hatten. Sporepulver brunt. Skiver først lyse, seinare brune. Jord- spermatisk- eller fruktaktig lukt. Inneheld muskarin. Truleg fleire artar som er farlege giftsoppar. Mykorrhizasoppar, minst 75 artar i Noreg.
PluggsopparVesentleg større, kjøttfulle soppar, stilkar både midt- og sidestilt, skiver langt nedløpande og forbunde på tvers. Heile skivelaget kan løsnast samanhengande. Sporepulver brunt.
SjampinjongarVanlegvis store, kjøttfulle soppar. Stilk med hudaktig enkel eller dobbelt ring og er lett å løse frå hatten. Skiver fri frå stilk - skiftar etter kvart farge frå grålilla og lyseraudt til purpurbrunt, nesten svart. Sporepulver purpursvart. Saprotrofar på jord, kompost, strø. Dei fleste artar er matsoppar, minst 30 artar i Noreg.
KragesopparMiddels store til store soppar med ring på stilken, slimet-klebrig hatt. Hatt og stilk fast forent. Tilvokste skiver. Sporepulver purpursvart. Saprotrofar på ved, møkk, 13 artar i Noreg.
ÅkersopparMiddelstore soppar med melet-glatt hatthud. Nokre artar med hudaktig ring. Skivane vert farge mørkebrune av sporene. Ingen giftige artar i Noreg. Saprotrofar på jord. 11 artar i Noreg.
LurveblekksopparSaprotrofar på jord, strø, ved, møkk og liknande. Minst 40 artar i Noreg.
SkjellblekksopparSaprotrofar på jord, strø, møkk. To artar i Noreg.
SprøsopparSmå til middelstore soppar, med kvitaktige, grå eller brune fargar. Hatt glatt eller tråda-skjell; ofte slørrestar i hattkanten. Sporepulver brunsvart. Saprotrofar på jord, ved og møkk, minst 50 artar i Noreg.
SleipsopparSmå til middelstore soppar som er dekka av eit slimete hylster. Stilk med tydeleg ringsone. Kvitt kjøtt. Nedløpande skiver og svart sporepulver. Mykorrhiza med bartre, tre artar i Noreg. Ein av artane har tørr hatthud og rødgult kjøtt.
SvovelsopparHovudsakleg tynnkjøtta, middelsstore soppar med spindelvevsaktig eller tynt utvendig hylster som avset lause restar på stilk. Oftast i knipper på stubbar. Sporepulver purpursvart. Saprotrofar på ved, strø og moser, 14 artar i Noreg, kun ein vert brukt til mat.
KantarellerLiknar dei ekte hattsoppane i form, men istadenfor skiver har dei låge, gaffeldelte ribber på undersida. Mykorrhizasoppar, fem artar i Noreg.
TrompetsopparStår veldig nær kantarellar, men har rynkete eller årete, nesten glatt underside. Mykorrhizasoppar, fem artar i Noreg.
FåresopparMjuke, kjøttfulle jordbuande poresoppar. Sporelaget sit på innsida av porene som er samanvokste så vel innbyrdes som med hattkjøtet. Dei fleste poresoppar er seige og harde (kjuker). Mykorrhizasoppar, seks artar i Noreg.
MatpiggsopparMjuke jordbuande soppar med piggar på undersida. Sporelaget sit på ulike lange piggar eller vorter. Mykorrhizasoppar, fem artar i Noreg.
StorpiggarStore, kraftige piggsoppar med brune fargar på hatt og stilk. Fleire artar med skjella hatt. Veks vanlegvis i kalkrik barskog. Mykorrhizasoppar, ca 15 artar i Noreg.
KlubbesopparSmå til store kjøttfulle, kølleforma soppar. Sporelaget glatt og sit på yttersida. Mykorrhizasoppar, fire artar i Noreg.
KorallsopparSoppar med sterkt forgreina, koralliknande fruktlekam, dei fleste gule. Mykorrhizasoppar og saprotrofar, ca 35 artar i Noreg.
RøyksopparFruktlekam mjuke, kjøttaktige som unge, oftast kule- eller pæreforma, omgjeve av eit dobbelt skal som bristar på ulike måtar. Sporene vert utvikla inne i soppen.
MorklarTynt kjøt. Sporedannande lag er kamra eller folda. Tilhøyrer sekksporesoppane. Ingen må etast rå!
GeléørerFruktlekam øyreforma eller flate, geléaktige, tynnkjøtta, glatte eller hårete. Tørkar inn i tørt vêr. Parasittar og saprotrofar på tre, to artar i Noreg.
memorize