Create
Learn
Share

Soppartar

rename
gudnyf's version from 2017-10-26 09:23

Røyrsoppar

Question Answer
BrunskrubbEtande. Hatt: 5-15 cm, hvelva; brun i ulike nyansar. Røyrlag: Skittenkvit til grått. Stilk: 7-15x1-3 cm; skittenkvit med brunsvarte skjell. Voksestad: Under bjørk.
RødskrubbEtande, men må varmebehandlast ved høg temperatur i minst 15 minutt. Er giftig med kraftig mage/tarmreaksjon som rå eller utilstrekkeleg varmebehandling. Soppkjøttet blir gråfiolett etter nokre minutt i luft. Hatt: 5-25 cm, halvkuleforma til hvelva, oransje til raudbrun. Røyrlag: Gråkvitt til grått. Stilk: 8-20x2-4 cm; med små, svarte skjell på lys botn. Voksestad: Under bjørk.
SvartskrubbEtande, men må varmebehandlast ved høg temperatur i minst 15 minutt. Er giftig med kraftig mage/tarmreaksjon som rå eller utilstrekkeleg varmebehandling. Hatt: 5-12 cm, hvelva; grå til gråsvart med lyse flekkar (skjolder). Røyrlag: Kvitt til gråkvitt; rødnar svakt ved trykk. Stilk: 6-15x2-3 cm; kvit med mørke skjell; basis blågrønn. Voksestad: Under bjørk; på fuktige stader.
Besk rørsoppIkkje matsopp, bitter smak. Kjøtt blånar ved gjennomskjæring. Hatt: 5-15 cm, halvkuleforma til hvelva; gråbrun til olivenbrun. Røyrlag: Gult, seinare olivengult og blånar ved berøring. Stilk: 6-10x3-5 cm; gul øvst, elles karminraud og med grovmaska årenett. Voksestad: I mager edellauvskog og granskog.
BlodrørsoppEtande, men må varmebehandlast ved høg temperatur i minst 15 minutt. Ein kan bli sjuk av å ete denne utilstrekkeleg varmebehandla. Kjøttet blir blått ved gjennomskjæring. Hatt: 5-15 cm, hvelva; mattbrun; skemska. Røyrlag: Gult med raude, trange røyrmunningar. Stilk: 5-10x2-5 cm; tett besatt med fine karminraude prikkar på gulaktig bakgrunn; oppsvulma mot basis. Voksestad: Open lauvskog på skrinn jord eller næringsfattig barskog.
IldrørsoppEtande, men må varmebehandlast ved høg temperatur i minst 15 minutt. Ein kan bli sjuk av å ete denne utilstrekkeleg varmebehandla. Kjøttet blir blått ved gjennomskjæring. Hatt: 5-15 cm, hvelva; som ung semska, seinare glatt; olivenbrun. Røyrlag: Oransjeraudt til raudt; blått ved berøring. Stilk: 5-15x3-5 cm; kledd med grove purpurraude nettmasker; oppsvulma mot basis. Voksestad: Open lauvskog eller i parkar.
Rødbrun steinsoppEtande. Hatt: 10-20 cm, halvkuleforma til hvelva; fint ruglete; raudbrun. Røyrlag: Først kvitt, seinare gulgrønt, nokon gonger rustbrunt. Stilk: 8-12x3-5 cm; raudbrun med kvitt årenett øverst. Voksestad: Tørr furuskog.
SatansoppGiftig (mild smak). Hatt: 10-40 cm, halvkuleforma til hvelva; lys grågul til nesten kvit. Røyrlag: Røyr gule med sterkt karminraude munninger; blåner svakt ved berøring. Stilk: 5-10x4-8 cm; gul og karminraud med eit finmaska årenett. Voksestad: I eikeskog på kalk.
SteinsoppEtande. Hatt: 5-20 cm, halvkuleforma til hvelva; brun i ulike nyansar; kvit kant. Røyrlag: Kvitt, seinare gult til gulgrønt. Stilk: 5-15x3-6 cm; lys brun med finmaska kvitt årenett øvst. Voksestad: Lauv- og barskog.
GallerørsoppIkkje matsopp, smakar bittert. Hatt: 5-15 cm, halvkuleforma til hvelva, olivengrå; tørr. Røyrlag: Kvitt, seinare rosa; brunt ved trykk. Stilk: 7-12x2-4 cm; lys brun med grovmaska olivenbrunt årenett. Voksestad: barskog. Kjem tidleg i sesongen.
FløyelsrørsoppEtande. Soppkjøttet blånar svakt. Hatt: 5-12 cm, halvkuleforma til hvelva; fløyelsaktig; gulbrun; tørr. Røyrlag: Noko nedløpande; først kromgult, seinare gulgrønt; store og kantete røyrmunningar. Stilk: 4-10x1-2 cm; gulbrun til raudbrun. Voksestad: Lauv- og barskog.
Svartbrun rørsoppEtande. Soppkjøttet blånar. Hatt: 5-12 cm, hvelva; først fint filta/fløyelsaktig, seinare glatt; kastanjebrun; svakt klebrig. Røyrlag: Gult til gulgrønt; blir blågrønt ved trykk; røyrmunningar kantete. Stilk: 5-10 cmx1-2 cm; brun; glatt. Voksestad: lauv- og barskog; vanlegast under furu.
LerkesoppEtande. Hatt: 4-10 cm, hvelva; gul til brunoransje; slimete til klebrig. Røyrlag: Gult; blir raudbrunt ved trykk. Stilk: 5-10x1-2 cm; kvit med gulaktig ring; blir raudbrun flekkete med alder. Voksestad: Under lerk.
SmørsoppEtande. Hatt: 5-12 cm, hvelva; brun; med klebrig, slimete hatthud som kan flås av. Røyrlag: Smørgult. Stilk: 3-10x1-3 cm; gulkvit; med tjukk ring, først kvit seinare brunfiolett. Voksestad: Under furu; ofte langs skogsbilvegar.
Ringlaus smørsoppEtande. Hatt: 3-10 cm, svakt halvkuleforma til hvelva; gulbrun med slimete, seig hatthud som kan flås av. Røyrlag: Lys gult med kvite til raudgule dråpar. Stilk: 4-10x1-2 cm; lys gul med brunlige gryn og små dråpar øvst. Voksestad: Furuskog på kalk.
SandsoppEtande. Raudgult kjøtt som ofte blåner. Hatt: 5-12 cm, hvelva til utbredt; gulbrun med små raudbrune skjell; tørr. Røyrlag: Gulbrunt til olivenbrunt, blånar ved trykk; trange røyropningar. Stilk: 5-10x1,5-3 cm; gulbrun; tørr. Voksestad: Under furu; ofte lngs skogsbilvegar.
Seig kusoppEtande. Hatt: 4-10 cm, hvelva til utbredt; brungul; ofte mange tett saman. Røyrlag: Litt nedløpande; grågult, med oliven tone; kantete røyrmunningar; "røyr inni røyra". Stilk: 3-6x0,5-1,5 cm; gulbrun. Voksestad: Under furu; ofte langs skogsbilvegar.
PepperrøyrsoppIkkje matsopp, brennande skarp smak, kan gje mage/tarm reaksjon. Hatt: 3-8 cm, hvelva til utbredt; kanelbrun til raudbrun; glatt. Røyrlag: Rustfarga til raudbrunt; store kantete røyrmunningar. Stilk: 4-7x0,5-1 cm; sitrongul ved basis; brekker med et lite smell. Voksestad: Lauv- og barskog.
memorize

Risker og kremler

Musserongar i vid forstand

Question Answer
VårfagerhattEtande. Hatt: 5-15 cm, hvelva til flat; har lenge innbøygd kant; kjøttfull, kvit til kremkvit, glatt, tørr. Skiver: utranda, tette, kvite. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-9x1-3 cm; kvit. Voksestad: I hekseringar på kalkrik grunn om våren. Lukt og smak av mjøl.
Grå knippesoppEtande. Hatt: 5-15 cm, rund til hvelva med låg pukkel; gråbrun til brunsvart, glatt. Skiver: avrunda til svakt nedløpande, tette, kvite. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-12x1-2 cm; kvit. Voksestad: I tette knipper i lauv- og barskog, men òg i parkar og hagar. Mild lukt og smak.
KjempetraktmusserongEtande. Hatt: 10-30 cm, traktforma; innrulla kant; kvit til bleik semskfarga, glatt. Skiver: nedløpande, tette, kvite til kremfarga. Dei har tverrgåande ribber og er lette å løsne frå hatten. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-10x2-4 cm; kvit. Blir noko bruntona etter berøring. Kjøtter seigt og tråda. Voksestad: I hekseringar på næringsrik jord. Lukta er mjølaktig eller minner om mandelessens.
SommermunkehattIkkje matsopp. Hatt: 5-10 cm, først hvelva, seinare utbredt med pukkel; silke- til fløytekvit med grågult midtparti. Skiver: avrunda til noko nedløpande, tette, kvite. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 6-12x0.5-1.5 cm; kvit, langsgåande fibra, påfallande rak. Voksestad: Grasmark. Har gjær- eller mjølaktig lukt og mild smak.
Bitter riddermusserongIkkje matsopp. Hatt: 3-8 cm, konisk til hvelva, med liten pukkel; gulbrun. Skiver: utranda, lys gule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-10x0.5-1 cm; lys gul, litt fibra. Voksestad: I næringsfattig barskog, helst med furu. Ubetydeleg lukt, mjølsmak, men beisk ettersmak.
BjørkemusserongEtande. Hatt: 4-10 cm, klokkeforma til hvelva med låg pukkel; rifla kant; kastanjebrun til raudbrun, med mørkare midtparti, klebrig eller glinsande. Skiver: Utranda, gulkvite, får rustbrune flekkar, blir til slutt brune. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x1-2 cm; hul; brunfibra, gul innvendig. Voksestad: Under bjørk. Lukt og smak mjølaktig, og kan snerpe.
Broket musserongEtande. Hatt: 5-10 cm, klokkeforma til utbredt; radiært fibra; grønnlig til grå. Skiver: Utranda, tjukke, fjernstilte, kvite med gulskjær. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x1-2 cm; kvit med gulskjær. Voksestad: I fuktig barskog, ofte djupt i torvmose. Vanlig på Vestlandet. Sterk mjølaktig lukt og smak.
GallemusserongIkkje matsopp. Hatt: 3-8 cm, først konisk, seinare utbredt med spiss pukkel; radiært tråda; sølvgrå. Skiver: Utranda, grå. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-12x0.5-1 cm; kvit til sølvgrå. Voksestad: I lauv- og barskog. Noko kvalm lukt, svært skarp/bitter smak.
GråmusserongEtande. Hatt: 5-10 cm, klokkeforma til utbredt; radiært fibra; mørkt gråbrun til nesten svart. Skiver: Utranda, først kvite, seinare med gulskjær. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x1-2.5 cm; kvit med gulskjær. Voksestad: I moserik barskog, helst granskog. Lukt og smak av mjøl.
KransmusserongEtande. Hatt: 7-15 cm, hvelva til utbredt; gulbrun med grove tiltrykte brune skjell. Skiver: Utranda, kvite. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 8-12x2-3 cm; kompakt med hudaktig brun ring som held fram som belter nedover stilken. Voksestad: Mager, sandig furuskog. Sterk aromatisk lukt, mild smak.
PantermusserongGiftig. Hatt: 7-15 cm, først klokkeforma, seinare hvelva med breid pukkel, lenge innrulla kant; lys grå med tiltrykte, taklagte gråbrune skjell. Skiver: Utranda, kvite, tette. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 7-12x2-3 cm; kvit til bleikbrun, utvida ved basis. Voksestad: I kalkrike lauvskogar. Mjølaktig lukt og smak.
ReddikmusserongGiftig. Hatt: 5-10 cm, først hvelva, seinare utbredt; rifla kant; kvit, seinare brungul i midten; matt; tørr. Skiver: Utranda, kvite, tette. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-8x1-2 cm; kvit, med alder brunflekkete. Voksestad: Under bjørk. Søtlig reddikliknande lukt.
RiddermusserongIkkje matsopp. Hatt: 5-10 cm, hvelva til utbredt, med små gulbrune skjell på gul botn. Skiver: Utranda, svovelgule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-6x0.5-1.5 cm; gul. Voksestad: I lauv- og barskog. Lukt og smak av mjøl. Under utredning for giftigheit.
SilkemusserongEtande. Hatt: 5-12 cm, hvelva til utbredt; fint radiært tråda; kvit, glinsande, kan ha raudlige eller blågrønne flekkar. Skiver: Utranda, kvite, tette. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x1-2.5 cm; kvit, ofte med flekkar (raud, blågrønne), særlig ved basis. Voksestad: I blandingsskog. Lukt og smak av mjøl.
StankmusserongIkkje matsopp. Hatt: 3-6 cm, først klokkeforma, seinare utbredt; bleik gulkvit, tørr og matt. Skiver: Utranda, tjukke og fjernstilte, bleike. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x0.5-1 cm; bleik til svakt brunlig. Voksestad: I moserik granskog og i bjørkeskog. Ubehageleg lukt.
SvovelmusserongIkkje matsopp. Hatt: 3-7 cm, først konisk, seinare utbredt; svovelgul, litt brunraud i midten; tørr, matt. Skiver: Utranda, tjukke og fjernstilte, svovelgule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-10x0.5-1 cm; svovelgul. Voksestad: I lauv- og barskog, helst under hassel og eik. Ubehageleg lukt.
SåpemusserongIkkje matsopp. Hatt: 5-10 cm, hvelva til utbredt, ofte med pukkel; variabel farge: gulbrun, grønnlig, oliven, ofte med raudflekking i kjøttet nær hattkanten; tørr, glatt eller småskjella. Skiver: Utranda, fjernstilte, gulkvite med grønleg skjær. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-10x1-2.5 cm; gråkvit. Voksestad: I lauv- og barskog. Lukta har komponent av såpe og transpirasjon, smak noko mjølaktig.
Brungul stubbemusserongIkkje matsopp. Hatt: 4-8 cm, hvelva til utbredt med små olivenbrune skjell på gul botn. Skiver: Utranda, svovelgule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-7x0.5-1.5 cm; gul. Voksestad: På råtne stubbar av bartre, særleg gran. Mild lukt og smak.
Raud stubbemusserongIkkje matsopp. Hatt: 5-15 cm, hvelva til utbredt; først raudlilla, seinare oppsprukke/finskjella raud på gul botn. Skiver: Utranda, gule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-12x1-2.5 cm; først raud, seinare gul med raudlige skjell. Voksestad: På stubbar av bartre, særleg furu. Mild lukt og smak.
Blå ridderhattEtande. Hatt: 5-15 cm, hvelva til utbredt; innrulla kant; blålilla, gråblå til gråbrun; glatt. Skiver: Utranda, blå. Sporepulver: Rosa. Stilk: 4-10x1.5-2.5 cm; lilla. Voksestad: På strø i lauv- og barskog; ofte på komposthaugar. Aromatisk lukt.
memorize