Create
Learn
Share

Soppartar 3

rename
gudnyf's version from 2018-08-01 18:52

Narrekantarell, kantarell, trompetsopp, vintersopp, traktsoppar, tægersopp, mjølsopp

Question Answer
Falsk kantarellIkkje matsopp. Hatt: 3-8 cm, flat til traktforma, oransje. Skiver: Nedløpande, oransje. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 2-5x0,3-0,8 cm, oransje. Voksestad: I barskog, ofte omkring stubbar.
VintersoppEtande. Hatt: 2-6 cm, hvelva til flat, gulbrun til rødgul, i blant stripete hattkant. Skiver: Avrunda, lyst gul til okergule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 6-8x0,3-0,5 cm, øvst lys gul, nedst brun og fløyelsfiltet. Voksestad: I tette knipper på daude stubbar og stammer, veks frå haust til vår og tåler frost.
KantarellEtande. Hatt: 3-12 cm, traktforma, kjøtfull, eggegul. Ribber: Gaffeldelte, tjukke. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-10x1 cm, gul. Voksestad: I lauv- og barskog.
Gul trompetsoppEtande. Hatt: 3-8 cm, traktforma, djupt navla, bylgja kant, gulbrun til raudbrun. Ribber: Nedløpande, guloransje. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-7x0,5-0,8 cm, gul til raudgul, hul. Voksestad: Veks på fuktige stader i kalkrik barskog. Ofte under einer.
Svart trompetsoppEtande. Hatt: 3-9 cm, trompetforma, litt skjellete, bylgja kant, hul, gråsvart til svart. Ribber: Nesten glatt, rynkete, grå. Sporepulver: Kvitt. Stilk: Svart, hul, avsmalande mot basis. Voksestad: I lauv- og barskog.
TraktkantarellEtande. Hatt: 2-6 cm, djupt navla, bylgja, gulbrun til gråbrun. Ribber: Nedløpande, gaffeldelte, gule til grågule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-8x0,5-1 cm, gul til brungul, hul, glatt, ofte flat. Voksestad: Fuktige stader i barskog.
KlubbetraktsoppIkkje matsopp. Hatt: 5-10 cm, traktforma, gråbrun, lysare kant. Skiver: Nedløpande, fjernstilte, kvite. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-10x1-1,5 cm, klubbeforma basis, same farge som hatten. Voksestad: I barskog og fjellbjørkeskog.
Kvit knippesoppIkkje matsopp. Hatt: 3-10 cm, først hvelva, seinare utbreidd, kvit til gråkvit. Skiver: Tilvokste til nedløpande, tette, kvite. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x0,5-1,5 cm, kvit til gråkvit. Voksestad: I knipper på næringsrik jord, i vegkant og open mark.
Lumsk traktsoppGiftig. Hatt: 2-5 cm, hvelva, med svakt rifla kant, gråkvit. Skiver: Tilvokste til nedløpande, lyse. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-6x0,3-0,5 cm, gråkvit. Voksestad: I grasmark, plenar og vegkant.
PuddertraktsoppEtande. Hatt: 5-20 cm, hvelva til grunt traktforma, gråbrun, meir eller mindre melet/pudra, kjøtfull. Skiver: Tilvokste til nedløpande, grågule, kan lett løsnas frå hattkjøtet. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x2-4 cm, gråkvit til grå. Karakteristisk lukt. Voksestad: Lauv- og barskog, næringsrikt.
HeggetraktsoppEtande. Hatt: 10-20 cm, hvelva med tydleg pukkel, etter kvart traktforma, matt kvit eller lyst lærfarga. Skiver: Nedløpande, kvite, tette. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 10-20x2-3 cm, kvit, utvida ved basis. Hatten er liten i forhold til stilken hjå unge soppar. Voksestad: I kalkrik lauv- og barskog.
MjølsoppEtande. Hatt: 4-10 cm, hvelva til flat, gråkvit og fint pudra, kjøtfull. Skiver: Nedløpande, kvite, så kremfarga, tilslutt rosa, kan lett løsnas frå hattkjøtet. Sporepulver: Rosa. Stilk: 3-6x0,5-1,5 cm, kvit, ofte bøygd. Voksestad: I lauv- og barskog, på opne stader blant gras.
TægersoppIkkje matsopp. Hatt: 6-12 cm, hvelva til flat, grå til gråbrun med radiære trådar, ofte oppsprukke. Skiver: Utranda, kvite, fjernstilte med ujamnt sagtagga egg. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 7-12x1-2 cm, kvit øvst, grågul med kvite, tjukke mycelstenger ved basis. Voksestad: På stubbar og vedrestar i jorda.
SkjermsoppEtande. Hatt: 6-12 cm, klokkeforma til hvelva, med låg pukkel, radiært fibra, grå til brunsvart. Skiver: Frie, tynne, tette, først kvite, seinare rosa. Sporepulver: Rosa. Stilk: 5-15x0,5-1,5 cm, kvit øvst, mørk nedover, tydleg lengdefibra. Voksestad: Veks enkeltvis på stubbar av lauv- og bartre.
KompostsliresoppIkkje matsopp. Hatt: 6-12 cm, klokkeforma til hvelva, lett klebrig, kvitaktig til grå. Skiver: Frie, først kvite, seinare rosa. Sporepulver: Raudlig. Stilk: 7-10 cm, kvit til gråleg hudaktig slire ved basis. Voksestad: På feit jord og kompost.
memorize

Lakssopp, nelliksopp og vokssopp

Question Answer
NelliksoppEtande. Hatt: 2-6 cm, hvelva, seinare utbreidd, oftast med låg pukkel, oker til brungul. Skiver: Frie, tjukke, fjernstilte. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-7x0,3-0,8 cm; same farge som hatten, seig. Har lukt av bittermandel. Voksestad: I grasplenar og open mark, ofte i hekseringar.
LakssoppEtande. Hatt: 2-5 cm, hvelva til flat, rosa til kjøtraud, som tørr ganske bleik. Skiver: Avrunda, fjernstilte, rosa. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-10x0,2-0,7 cm; same farge som hatten. Voksestad: I lauv- og barskog og på open mark.
AmetystsoppEtande. Hatt: 2-5 cm, hvelva til flat, lillafarga, som tørr ganske bleik. Skiver: Avrunda, fjernstilte, rosa. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-10x0,2-0,7 cm; same farge som hatten. Voksestad: I lauvskog.
EngvokssoppEtande. Hatt: 3-8 cm, først hvelva, seinare flat med breid pukkel, gulraud, lysare med alder, tørr. Skiver: Nedløpande, tjukke, lysare enn hatten. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-12x1-3 cm; noko lysare enn hatten. Voksestad: I moserik beitemark og gras.
KjeglevokssoppIkkje matsopp. Hatt: 2-7 cm, først kjegleforma, seinare utbreidd med pukkel, oransjeraud, svartnar. Skiver: Avrunda, gule, svartnar. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 3-10x0,3-1 cm; oransjegul, svartnar. Voksestad: I open grasmark.
Skarlagen vokssoppEtande. Hatt: 4-12 cm, først kjegleforma, seinare utbreidd, ofte med breid pukkel, blodraud til skarlagenraud, etter kvart bleiknande til gulraud. Skiver: Tilvokste, fjernstilte, tjukke, bleikgule til oransjeraude. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-12x0,5-1,5 cm; jevntjukk, gul til gulraud, lysare mot basis. Voksestad: I gras- og beitemark, ofte seint i sesongen.
DuftvokssoppIkkje matsopp. Hatt: 4-8 cm, hvelva med innrulla kant, seinare avflatande, grå, klebrig. Skiver: Nedløpande, kvite, fjernstilte. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x0,5-1 cm; kvit til gråkvit. Sterk lukt av bittermandel. Voksestad: I granskog.
FrostvokssoppEtande. Hatt: 3-7 cm, hvelva til avflatande, til slutt traktforma, gulbrun til olivenbrun, slimete. Skiver: Tilvokste til nedløpande, gule til oransjegule. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 4-8x0,5-1 cm; bleikgul, med ringsone, slimete. Voksestad: I furuskog. Kjem seint i sesongen.
Olivenbrun vokssoppEtande. Hatt: 3-6 cm, hvelva, seinare utbreidd med pukkel, gråbrun til olivenbrun. Skiver: Noko nedløpande, kvite, tynne. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x0,5-1 cm; øverst kvit, nedover olivenbrunt vatra, slimete. Voksestad: I granskog.
RaudflekkvokssoppIkkje matsopp. Hatt: 4-12 cm, hvelva, kvit til gulkvit med vinraude flekkar som bleiknar, klebrig. Skiver: Noko nedløpande, tjukke, kvite med raude flekkar. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-12x1-1,5 cm; kvit til gulkvit med raude prikkar øvst. Voksestad: I rik granskog, gjerne med kalk.
SotvokssoppEtande. Hatt: 6-12 cm, hvelva, seinare avflatande med pukkel, gråsvart til brunsvart, tørr. Skiver: Nedløpande, kvite, tjukke og fjernstilte. Sporepulver: Kvitt. Stilk: 5-10x1-2 cm; brungrå, tørr. Voksestad: I moserik granskog.
memorize